Oslo World Music Festival og Riksscenen presenterer: Cheikh Lô (SN)

facebook_event_1030985633657243

Oslo World Music Festival og Riksscenen presenterer: Cheikh Lô (SN), 4 novembre 2016 20:00, Riksscenen

I samarbeid med Oslo World Music Festival inviterer Riksscenen til konsert med verdsstjerna Cheikh Lo og hans fabelaktige seksmannsorkester på Bakkjens Basar!

Cheikh Lô (f. 1955) frå Senegal, oppvaksen i Burkina Faso, vart for alvor oppdaga på fyrste halvdel av 90-talet av ingen ringare enn Youssou Ndour. Han produserte også fyrste plata hans Ne La Thiass, som kom ut i 1996 og fekk stor merksemd verda over. Etter det har han gjeve ut fire plater til, den siste i rekka er den særs kritikarroste Balbalou frå 2015. Plata var truleg tunga på vektskåla for at Cheikh vart tildelt den prestisjetunge “Womex Award” i Budapest, ein pris som vert gjeven til “extraordinary artists and professionals”, som det står i kriteria for prisen.

“Etter fire dagar på Womex i Budapest fann eg sundag ettermiddag endeleg noko eg verkeleg hadde lyst til å presentere på Bakkjens Basar, og det var Cheikh Lô”
-Asgaut Bakken

Cheikh Lô starta karrieren sin som trommeslagar og vokalist i bandet Orchestre Volta Jazz midt på 70-talet, eit pop- og varietéband som spela alt frå popmusikk frå Cuba og Kongo til tradisjonell musikk frå Burkina Faso. I 1978 flytta han til Senegal og vart med i fleire grupper som spelte mbalakh, ein sjanger der tradisjonell dans og trommer frå Senegal og Gambia vert kryssa med vestlege uttrykk som jazz, latino og rock. På den tida vart også sounden frå Zaire og Kamerun særs populære, og i tillegg gjorde reggaen sitt inntog i miksen. Desse uttrykka tok Cheikh Lô med seg vidare, og i tida etter det har han skapt sitt eige uttrykk som eit resultat av alle desse.

Cheikh Lô – vokal, perkusjon, gitar, Baye Mahanta Diop – gitar,
Alassane Cisse – bass, Wilfrid Zinsou – saksofon, trombone,
Samba M´Baye – trommer, perkusjon, Khadim M’Baye – trommer, perkusjon,
Badou N’Diaye – trommer, perkusjon

http://www.riksscenen.no/cheikh-lo.5879939-380696.html

Oslo World Music Festival og Riksscenen presenterer: Cheikh Lô (SN) was last modified: septembre 1st, 2016 by Festivals 2016
@Riksscenen Oslo